Første sider frå Brennevinsgrova tok gull i World Cider Awards

Før sommaren sende Harald sin aller første sider ut av landet for å bli vurdert i World Cider Awards. No er NØVA nr. 1 tilbake med gullmedalje i bagasjen.

Første sider frå Brennevinsgrova tok gull i World Cider Awards

I mai kom NØVA nr. 1 på marknaden, ein frisk og perlande eplesider laga på Aroma- og Gravenstein-eple. Sidan lanseringa har sideren fått mykje skryt frå dei som har fått smake. Men gode tilbakemeldingar frå kjentfolk var ikkje nok for Harald. Han ville vite korleis NØVA ville hevde seg i møte med profesjonelle sidersmakarar frå inn- og utland.

Difor blei flasker sendt til England og World Cider Awards, ein internasjonal konkurranse som kårar dei beste siderane innan ulike siderstilar. NØVA nr. 1 blei vurdert i kategorien «Sparkling Cider -Carbonated Traditional», og resultatet kunne knapt blitt betre: gullmedalje og Style Winner for kategorien i Noreg.

«Det er ekstra stas å få bekrefta kvaliteten allereie på første sideren vi har lansert.»
Første sider og første medalje

Gullet betyr litt ekstra for Brennevinsgrova. NØVA nr. 1 er nemleg den første sideren som er lansert frå Brennevinsgrova, og dermed den første som tek med seg ein medalje heim frå ein internasjonal siderkonkurranse. For Harald er dette eit viktig steg i satsinga på sider. Det som starta med dei første epletrea og utviklinga av NØVA, er no i ferd med å bli eit større siderprosjekt.

Og det stoppar ikkje med NØVA nr. 1.

Fleire eple, fleire siderar

På familiegarden er det allereie planta 1841 epletre, og neste år kan det bli planta ytterlegare 1000 tre. Målet er å byggje opp ein eigen epleproduksjon som kan gi råvarer til fleire siderar i åra som kjem.

NØVA nr. 2 er allereie på marknaden enkelte stader og er laga med ein kombinasjon av Gravenstein, Aroma og Åkerø, noko som gjer den tørrare enn førekomaren. Til hausten kjem NØVA nr. 3, som er laga på Asfari-eple. Også dei nye siderane skal få prøve seg i World Cider Awards.

«Gullet gav oss validering på at vi kan lage sider i toppklasse – ikkje berre gullvinnande brennevin frå destilleriet. No skal vi jobbe hardt vidare for å utvikle produkt som held same kvalitet, og samstundes skape vår egen NØVA smak og historie. Alt vi gjer skal ha røter i Sunnmøre»

Med gullmedaljen frå England har den første sideren frå Brennevinsgrova fått ein solid start. No blir det spennande å følgje vegen vidare, frå epletre i Sykkylven til fleire siderar på marknaden og nye internasjonale konkurransar. Kanskje kjem det fleire medaljar heim til Brennevinsgrova.

Addresse:
Bakkane 29, 6220 Straumgjerde

Kontakt oss:
‍969 90 045
hallo@brennevinsgrova.no
harald@brennevinsgrova.no
© Brennevinsgrova. Alle rettigheter forbeholdt.