Upendo - Lokalt samarbeid med Nesjemat

Nils Henning Nesje (Nesjemat) har i samarbeid med Harald Strømmegjerde og destilleriet Brennevinsgrova utvikla ein ny og annleis sitrusinspirert gin med krydder frå Zanzibar, einerbær og mjukt vatn frå Sunnmøre. Dette er blitt ein gin som skil seg frå det verda, og Noreg, tidlegare har opplevd. Etter eit år med arbeid og produktutvikling har dei no den første batchen klar, og sett etikettar på dei første 400 flaskene. No er dei klare for full lansering i slutten av april, fortel ein nøgd Nesje.

Upendo - Lokalt samarbeid med Nesjemat
Upendo = kjærleik

Den nye ginen har fått namnet Upendo (kjærleik på swahili), og det er særleg kryddera som gjer denne ginen annleis.

Dette er ein gin med sitrus, men det spesielle er at sitrussmaken kjem frå heilt andre råvarer enn sitrusfrukter. Han kjem mellom anna frå kanelbark og kanelblad, muskat, kardemomme og nokre limeblad frå eigne tre på Zanzibar. Sevja frå kanelblada er svært fruktig, og det finst over 200 aromastoff i kanelbarken. Til slutt bind appelsinblomen saman sitruspreget, forklarer Nesje.

Å finne riktig og ferske krydder er viktig
Mjukt vatn frå Sunnmøre

Alle kryddera er henta frå øya utanfor fastlandet til Tanzania, men som seg høver skal ein gin også ha einerbær. I tillegg blir det brukt vatn frå Brennevinsgrova, destilleriet som Strømmegjerde starta i 2019.

Det spesielle med dette vatnet er at det er svært mjukt, noko som gjer at det tek til seg krydder mykje betre, fortel Nesje og Strømmegjerde.

Dei skildrar Upendo Gin som ein klassisk gin som ikkje smakar som klassisk gin.

Ginen er unik på den måten at vi brukar kryddera på eit stadium der kanelblad, kanelbark, muskat, koriander med meir er heilt ferske og hausta av oss sjølve. Det er nettopp dette som har gitt ginen det unike sitruspreget, sjølv om vi også har brukt limeblad frå tre vi sjølve har planta på Zanzibar, forklarer Nesje.
Alt skal luktast og smakast på.
Etiketten og ginen

Fargen på ginen er naturleg, og skal indikere soloppgangen på Zanzibar.

Buen på etiketten er kopartrykk og symboliserer soloppgang. Han skal vise historia om dagen og livet som startar, og fotspora i sanden skal minne oss om at vi alle set spor etter oss. Masaien på etiketten heiter Barack, forklarer Nesje.

Etikettane er designa av Kine Lillerud og Kari Bjørnø Vangen, som har fått stort kreativt spelerom med nokre føringar.

Lansering for bransjen

I april har dei invitert til lansering av Upendo, som dei trur utestader, restaurantar og hotell vil ta godt imot.

Det er ofte bransjen som styrer kva folk etter kvart vil ha. Når denne etter kvart kjem på barar rundt om i landet, har vi tru på at dette vil bli ein suksess, seier Nesje.
Inviterer til studietur til Zanzibar

Oppskrifta på Upendo er hemmeleg, men Nesje og Brennevinsgrova vil invitere alle som ønskjer det med på studietur til Zanzibar i mars 2027.

Målgruppa er folk som ønskjer å oppleve ny kultur og er nysgjerrige på spennande smakar. Det er vanskeleg å unngå krittkvite strender og eit nydeleg blått hav.

Kokkar, bartendarar og produsentar vil elske å oppleve krydderøya. Berre det å oppleve 50 ulike variantar av svartpepar kan få både nase og smaksløkar til å danse afrikanske rytmar, seier ein smilande Nesje.
400 flasker med manuelt arbeid
Tilgjengeleg frå mai

Upendo Gin vil vere tilgjengeleg i Vinmonopolet sitt bestillingsutval frå 30. april, og i utvalde pol frå 6. mai. Nesje reknar med at produktet vil vere å finne på fleire pol på Sunnmøre, samt nokre i Oslo.

Addresse:
Bakkane 29, 6220 Straumgjerde

Kontakt oss:
‍969 90 045
hallo@brennevinsgrova.no
harald@brennevinsgrova.no
© Brennevinsgrova. Alle rettigheter forbeholdt.